Forskere meiner omega-3 gir barn skarpare hjerne



EPA og DHA er såkalla marine feittsyrer med litt ulik verknad. Det synest som om EPA er viktigast for hjarte- og karsykdommar, medan DHA truleg er viktigast for hjerne- og synsfunksjonar.

Forskarar i Bergen meiner no (juni 2018) å ha funne ein samanheng mellom DHA og hjerneutviklinga til barn under eitt år.
Alle menneske har begge stoffa i alle cellar i kroppen. Kroppen dannar avgrensa mengder av EPA og DHA. Derfor må kroppen tilførast omega-3-feittsyrer via kosten som feit fisk, tran, fiskeolje, kapslar eller andre produkt som inneheld desse marine feittsyrene.